onsdag 2. september 2015

Øving 1 - Oppgave 3

Har fått i oppgave å sjekke ut, analysere og skrive litt om bloggen http://blogg.itfag.hist.no.
I den forbindelse har me fått nokre spørsmål:

Kva er poenget med bloggen?
I it-verden kjem det stadig nye ting som er relevant for it-studentar. Då kan det være nyttig for skulen å ha ein blogg der ein får oppdatert og delt nyhender og erfaringar med lesargruppa, samt å kunne skapa ein diskusjon om temaet dei delar. Som dei skriv er dei opptatt av ny teknologi og trender, og då er det nyttig å ha ein blogg der dei får delt dette, og samtidig komme i dialog med studentar og andre samarbeidspartnerar.

Kva handlar bloggen om?
Som dei skriv i "Om oss" kategorien handlar denne bloggen om IKT, teknologi, læring og forskningsarbeid. Dei tek også for seg sosiale medier, gir studietips og andre tips og triks.

Kva er eit blogginnlegg?
Et blogginnlegg er en oppdatering av bloggen der det nyaste stoffet ein legg ut kjem øverst. Blogginnlegget ein skriv handlar om relevant tema for bloggen. Ein skriv det gjerne som ein slags dagbok eller journal, der ein gir personleg vinkling, samt gir muligheit for kommentarar og tilbakemeldingar.

Kor mange innlegg er det skrevet på denne bloggen?
Om ein legg saman alle kategoriane som bloggen har, kjem eg til 27 + 63 + 6 + 14 + 10 + 44 + 23 + 10 + 21 + 1 = 219 blogginnlegg. 

Kor ofte skrives det innlegg og av kven?
Det vert skreve innlegg men jamne mellomrom i skulehalvåret. Slikt grovt sett er det skreve innlegg i ca 4-6 månader i året, men opptil fleire innlegg i kvar av dei månadene. Forfattarane av innlegga er ansatte ved informatikk og e-læring ved Høgskolen i Sør-Trøndelag.

Kven er lesarar?
Som dei skriv i "Om oss" kategorien ønskjer dei å komme i dialog med studentar og samarbeidspartnere. Slik eg tolkar det er lesarane hovudsakleg studentar ved HIST som tek utdanning innan IKT. Dei har også emneknaggar på bloggen sin, og det er også truleg at andre som googlar tema som er tekne opp i bloggen, kjem også innpå sida og les.

Kva er ein kommentar?
Som Svend Andreas Horgen skriv på bloggen sin gir det motivasjon å skrive blogginnlegg der andre kan kommentere blogginnlegget ditt. Då kan det skape diskusjon om tema, slik at andre kan vinkle sine synspunkt. Ein skriv også inn epostadressa si når ein kommenterar, det gir også muligheit for å følgje med på andre sine kommentarar der ein blir varsla om dette.

Kan du finne eksempel på innlegg der kommentarar gir meirverdi til startinnlegget?
På dette blogginnlegget er det ein kommentar frå ein lesar som anbefalar det beste programmet. Eg ser i slutten av innlegget at det er stilt spørsmål: "Har du erfaringar med dette?" Og vidare under kommentar frå ein lesar. Dette gir veldig meirverdi. Slikt generelt sett likar eg å lese kommentarar når  ei side for eksempel analyserer eit produkt osv... Då er andres erfaringar og kommentarar like viktig for meg å lese som sjølve analysen eller testen av produktet.

Kva slags bloggplattform blir brukt, og kvifor?
Det er brukt wordpress.org sin plattform på itfag sin blogg. Dette er truleg på grunn av at muligheitane er fleire på denne typen blogg enn andre. Ein kan for eksempel laste ned wordpress-programvaren og installere på eiget domene. Som Horgen seier i bloggen sin er Itfag-bloggen installert lokalt på HIST, og da har man full kontroll på alt.

Er det andre kjennetegn du merkar deg ved bloggen som anten er rart, smart, snedig, eller som du kanskje ikkje heilt ser poenget med?
Eg ser at dei har ein Tagg-sky som er meget smart då ein kan klikke på stikkord, og få opp blogginnlegg som omhandlar det ein intresserar seg for. Som dei fleste andre bloggar har denne også eit arkiv som er sortert kronologisk, samt ei rute som viser overskriften over dei 5 siste innlegga på sida. Ser også at sida har knappar som ein kan klikke på for å følgje sida på Twitter, Facebook, rss og Youtube. Alle disse tinga er smarte og snedige då det forenklar bloggsida, og gjer det kjappare å slå opp. Klarar ikkje å finne noko ved bloggen som eg ikkjer ser poenget med.

Klarar du å seia noko om kva slags rolle bloggen spelar i "IT-fag" sin bruk av sosiale medier?
Som nevnt i forrige spørsmål brukar bloggen knappar som ein kan klikke på for å følgje sida på Twitter, Facebook, rss og Youtube. Dette gjer at ein kjem raskt til HIST sine sider på dei ulike sosiale medier. Men også andre vegen. Viss for eksempel ein person likar Facebooksida til Itfag, vil den personen truleg få opp nyhender og oppdateringar på bloggen via Facebook, og deretter klikke seg inn på bloggen. Dette gjer at bloggen treff målgruppa si.

Kvifor heiter bloggen itfag?
Bloggen heiter itfag rett og slett fordi det handlar om itfag,  og at dei tilbyr 55 datafag over internett. Då skjønnar alle som har itfag at denne bloggen handlar om nettopp dette.

Kva er ein tagg og korleis blir tagger brukt i itfag-bloggen?
Ser at itfag-bloggen har lagt ut tagger som ein sky. Dette gjer det enkelt for lesaren å klikke på tagger som er relevant, ser også at kvart innlegg har opptil fleire taggar, dette gjer at bloggsida blir endå meir brukarvennleg.












1 kommentar: